|
Skrevet av Sol Olsen
onsdag 28. september 2011 11:35
|
75 prosent av oss nordmenn er framleis ikkje medlem på eit treningssenter, og mange kjem heller aldri til å bli det. Vi vil ha folk opp av sofaen og ut på trening der dei bur – utan treningssenter, seier Yngvar Andersen. Det nye tilbodet MEIR Trening startar no i Lillehammer, som ein av dei aller første stadane i landet.
Fire av fem nordmenn er ikkje tilstrekkeleg fysisk aktive for å oppnå maksimale helseeffekter. Det har Yngvar Andersen, treningsekspert frå Nrk Puls tenkt å gjere noko med, og i samarbeid med Grete Roede as skal Yngvar i haust få oss alle ut av sofaen.
- Det nye utandørs treningstilbodet er så enkelt, effektivt og tilgjengeleg at alle kan vere med, fortel Yngvar Andersen. Han har utvikla konseptet ”MEIR trening der du er” i lag med Grete Roede as. Dette er først og fremst eit treningstilbod, og dersom ein vil lære om kosthald og gå ned i vekt er det framleis Roede-kurs som gjeld. Marte Waagene frå Lillehammer er med i gruppa på 14 som vart sertifiserte som dei aller første MEIR-trenarane, med grundig opplæring av Yngvar, og har gått gjennom tøffe fysiske opptaksprøver som 3000 meters løp, armhevingar, knebøy og planken. Målet er at treninga skal vere der folk bur, og no startar tilbodet i Lillehammer som ein av dei første stadane i landet. – Dette er eit godt tilbod til alle som ynskjer å kome i gang med regelmessig trening. Treninga er enkel og passar for både deg som ikkje har trent før, deg som er ”jo-jo”-mosjonist, og deg som er noko aktiv frå før. Dette er ”personleg trening” med trening ein til ein, og i grupper på ulike størrelsar, fortel MEIR-trenar Marte Waagene, som er Yngvar Andersen utstrekte trenar-hand i Lillehammerområdet. Treninga skal vere både superenkel og supereffektiv, og skal haldast utandørs i nærmiljøet heile året. - Det vert enkel kondisjons- og styrketrening tilpassa deltakarane, treningsstaden og dei lokale tilhøva. Sjølv om vi fokuserer på å gjere det enkelt, er dette på ingen måte berre eit ”nybegynnarkonsept”. Sjølv med enkle metodar kan dei sprekaste av oss bli utfordra. Gruppe-treninga er lagt opp som sirkeltrening med 6-10 stasjoner med øvingar. Vi får alle deltakarane til å komme i form og bli der, dette skal vere trening for ALLE, fortel Yngvar.
|